tirsdag 6. desember 2011

Reint Eventyr

”Reint Eventyr” er ei reise gjennom heimfylket mitt, Sogn og Fjordane, sannsynlegvis det mest varierte og flotte fylket i heile Noreg. Vakker kyststripe, djupe og lange fjordar, skogkledde dalar, brear og ville fjell. Boka tek oss med på ein 3-vekers tur saman med 18 elevar og 3 lærarar frå ekspedisjonslinja ved Nordfjord folkehøgskule. Turen går frå det karakteristiske fjellet Hornelen ytst på kysten til Galdhøpiggen, Noregs høgste fjell, gjennom ulike naturreservat, landskapsvernområde og nasjonalparkar.

Foto: Arve Ullebø

Forlaget
Det er forlaget SKALD som har gjeve ut boka og dei har verkeleg gjort ein kjempejobb. Det er ei særs påkosta bok, kraftig innbunde og jamn, høg kvalitet tvers igjennom. Designaren har utfolda seg og gjort nokre litt uvanlege stunt der det aller meste fell meg i smak. Teksten er satt med ein lettlest skrifttype, men ein del av befolkninga vil nok slite litt med å lese rød, tynn skrift som fins litt her og der. I boka har dei utelete små bilde, men har godt med store bilde som yt fotografane rettferd.

Foto: Arve Ullebø

Tekst
Forfattaren heiter ARVE SANDAL og avslører seg fort. For det første har han kunnskap om både skriveteknikk og ordlegging. Dessutan har han imponerande kunnskap om både historie, menneske, natur og kultur. Han har tydelegvis vore ute før for han har ei tilnærming til det han fortel om som både er varm og ekte og som berører meg.

Historia er smågenialt oppbygd. Ei reiseskildring over 3 veker kan fort bli monoton lesing og ein kaffipause kan vere greitt av og til. Sandal fortel reiseskildringa si suksessivt, men han bryt henne opp med små faktaboksar og turtips, alt etter kvar i reisa ein er. I tillegg bryt han opp med å fortelje litt om dei einskilde deltakarane og lærarane. Vi får møte personane på ein ærleg måte der ein ikkje berre får høyre om det positive, og dei flotte opplevingane, men også om det slitsame og til og med små nederlag undervegs. Alt er så godt skrevet og samansatt at ein aldri blir teken ut av turen. Han blandar humor og historie og gjev ein del tankevekkarar om forhold både i høve fortid, notid og framtid. Tankar eg følte eg var ein del av og som eg burde ha eit forhold til i 2011. Heile vegen klarar Sandal å engasjere utan dødtid og eg klarar ikkje å legge boka frå meg.

For ein tur, for ein natur og for ei oppleving! Dette er topp lesing både for oss som bur i fylket, for dokke som kanskje kunne tenke dokke ein tur hit eller har vore her, men gjerne vil ha eit godt minne her i frå.

Foto: Arve Ullebø

Foto
Det er 2 fotografar i boka, SIMONE STIBBE og ARVE ULLEBØ. Generelt har bilda både ein svakheit og ein styrke. Svakheita er at bilda er tekne undervegs på desse 3 vekene og at enkelte ting blir overflatisk dekka. Her er element i teksten som eg nesten forventa å sjå igjen i bilde, uten at desse var med. Eg trur dette ville ha løfta boka endå høgare. Likevel er styrken nettopp det at bilda er tekne undervegs og på trass av at tida har vore knapp, har fotografane fått med seg først og fremst ein stemning og ein tone av turen som vi kjenner igjen i teksten. Fotografane har eit ærleg uttrykk og einkelte gonger kan ein nesten kjenne tåka kome inn gjennom vinduet i hytta og rett i fanget på deg. Her er sterke portrett, fine miljøskildringar og váre stemningar.

Bilda varierer frå det ordinære til det spektakulære og fotografane har klart å setje sitt personlege preg på mange av bilda. Nokre av bilda er jamvel så sterke at dei kan stå heilt utan tekst og fortelje si eiga historie. Ei sjeldan og kvalitetsfull vare i våre dagar, der "alle tek bilde".

Reint Eventyr er ei av dei 4 beste bøkene i sitt slag, som nokon gong er gitt ut i dette fylket og er ein kombinasjon av praktbok, historie- og turbok som alle med tilknyting til fylket, burde ha. Og det må være godt for både forfattar og fotografar å ha eit forlag i ryggen som investerer førsteklasses kvalitet i ei bok der både tekst og bilde er av ypparste kvalitet. Det er rett og slett Rein Luksus å få ta del i ”Reint Eventyr”!

3 kommentarer:

Jan-Eilert Pedersen sa...

Fint av deg å være så raus at du trekker fram andre. Bildene du viser frem er også svært flotte. Spes. nr 2 og 3.. Selv i smått..

Geir Ole sa...

Takk for det Jan-Eilert. Klart eg tek fram kollegaer, og spesielt når dei viser slik flott natur som vi har her i fylket :)

Anonym sa...

Bør nok ta en titt på denne for å lære mer om fylket ditt Geir Ole :-) Naturen på bildene er jo ganske rå og heftig...