tirsdag 27. mars 2012

Vipera berus

Jøss! Har fått aldeles sjokk - heile kroppen. Har hatt sol i ein og ein halv dag :D

Kva gjer ein då? Heile familien har jo opparbeidd seg same behov for sol, så første dagen tok vi ein skitur på fjellet, fyrte bål, laga kaffe og grilla pølser mm. Aldeles nydeleg!

Kvar einaste vår reiser eg til ein av fleire overvintringsplassar for Hoggorm, Vipera berus. Siste halve dagen med sol fekk eg ein rask tur til ein av stadane der eg visste at snøen var borte og Hoggormen heilt sikkert var komen fram for å magasinere seg. Rakk berre så vidt å kome fram før dei siste solstrålane forsvann og med så passa kaldt vær ville nok ormen raskt krype inn i bolet igjen. Det var kun 1 igjen ute då eg kom og eg fekk nokre "close-up" bilder før eg trakk meg tilbake.

Det er like stas kvar einaste vår og om ikkje lenge skal eg nok finne han litt nermare der eg bur.

onsdag 21. mars 2012

Tja....

Tja......det er vel begynt å nerme seg ein slags vår. I alle fall om ein legg godviljen til :)
Ein ting er i alle fall sikkert: det er vått, det er grått, det er tungt, men det er litt lysare no...


...og er ein skikkelig heldig ein dag, kan ein få slike korte, små, men innmari lyse glimt som bryt gjennom det mørke og grå!

Tja......meir skal det faktisk ikkje til :D

lørdag 10. mars 2012

Lysets linjer

Toner klinger som lys i vann
Strimler av ærbødighet
Ydmykhet mot linjers visdom
Alltid på vei mot et mørke

Over dimensjoner trår du med rolige skritt
Ser du menneskets tanker fra alle sider
Det mørke og lyse kan ikke skjules
Tankers ord blir sakte avslørt

Om du kunne opplyse et menneske slik
At lysets energi kan vokse i det
Kunne mennesket skinne som lyset i vann
Og vandre i linjer så vakre og åpne

Bølger av lyset vil alltid vandre
Følge kursen mot bedre tider
Ingen bølge er konstant, ingen linje korrekt
Med lysets linjer følger alltid håp

lørdag 11. februar 2012

Eit fascinerande dyr

Etter kvart som eg lærer litt meir om Oteren blir eg meir og meir fascinert over dyret. Den er utruleg energisk, men samtidig kan den verkeleg kose seg. Den er morsom og har mange ulike uttrykk.

Du har kanskje høyrt at den lagar sklier i snøen som den leikar seg i, men den "måten" å ta seg fram på brukar den også ellers. Så vidt eg veit er det vel mest ein energisparande måte å ta seg fram på meir enn ei kosesklie. Klikk på bildet under så får du sjå ein variant av denne teknikken :)

lørdag 4. februar 2012

Oterlykke

Oter inngår i eit av mine prosjekt. Mange timar har eg lagt ned for å kartlegge og bli kjent med oteren. Personleg syns eg at det er mykje lettare å finne den ute med kysten enn kva tilfelle er inne i elvane. Her inne vandrar dei ganske så lange strekningar og det er slett ikkje lett å få kartlagt denne karen ;)

Sporsnø er alltid kjekt å kunne dra nytte av og her om dagen fekk vi nettopp det. Eg blir stadig imponert over kva slag fossefall og brattlende desse dyra klarar å forsere. Dei er trass alt ikkje så store kroppane, men har ein fantastisk styrke.

Etter nokre timars sporing tok eg igjen eit par. Ved nokre små opne råker i elva var det både fisking og kurtisering som foregjekk. Utruleg kor kjærlege dei er med kvarandre.

Det var værskifte no og tåka låg ganske trykt ned på elva, men då vart det jo litt variasjon i bilda. Fantastisk å ligge nokre få meter frå oteren der dei ligg og kosar seg i snøen og steller med kvarandre. Herleg er livet :)

mandag 23. januar 2012

Nordlys i svart-kvitt

Endelig var det min tur. I går kveld kunne eg oppleve kombinasjonen fri, nordlys og ikkje minst klarvær! For meg her ute på vestlandet er det sjeldan vare og ei fantastisk fin oppleving. Det er som ein kjempemessig frihetsfølelse og stå slik under ein himmelhvelving i full fyr. Ei skikkeleg vitaminbombe for ein utsvolten naturkropp :)

PS! Det er framleis slik at dersom du trykker på bilda, så kan du sjå dei eit nummer større :D

lørdag 31. desember 2011

RIKTIG GODT NYTT ÅR

I dag var vi 3 familier på tur. Det vart fyring av bål, kaffelars vart stelt fint med og pølsene var mørke og fine etter ein passe medfart av bålets tunger :D

Ungane koste seg i snøen og vi vaksne prata og hygga oss. Ein skikkelig fin tur.

På tur heim måtte eg berre bruke litt lenger tid enn dei andre....om du forstår ;-) Om ikkje så kan du sjå nokre av resultata her! Godt Nytt År til dokke alle saman :)

onsdag 21. desember 2011

GOD JUL

Ønsker alle som er innom bloggen min ei Riktig God Jul :)

Håpar dokke får ei fin julehøgtid uansett kvar dokke er i verda - ta vare på kvarandre!

Vil takke spesielt alle dokke hyggelige menneske som legg igjen kommentarar på bloggen - det set eg utruleg stor pris på!

lørdag 17. desember 2011

Værskifte

Værskifte og bitte litt tid til å nyte det :)



torsdag 15. desember 2011

Utsyn

For nokre dagar sidan såg det slik ut når eg drog skrotten opp i lia ovanfor der eg bur, og retta objektivet utover dalen :)

Eg sluttar aldri å undre meg over kor lite godvær som skal til før eg har gløymt at vi har stort sett har hatt skitvær det siste halve året. Eit par dagar med godvær og eg er glad og fornøgd! Det er vel det ein må kalle ein god eigenskap :)