Kva gjer ein då? Heile familien har jo opparbeidd seg same behov for sol, så første dagen tok vi ein skitur på fjellet, fyrte bål, laga kaffe og grilla pølser mm. Aldeles nydeleg!
Kvar einaste vår reiser eg til ein av fleire overvintringsplassar for Hoggorm, Vipera berus. Siste halve dagen med sol fekk eg ein rask tur til ein av stadane der eg visste at snøen var borte og Hoggormen heilt sikkert var komen fram for å magasinere seg. Rakk berre så vidt å kome fram før dei siste solstrålane forsvann og med så passa kaldt vær ville nok ormen raskt krype inn i bolet igjen. Det var kun 1 igjen ute då eg kom og eg fekk nokre "close-up" bilder før eg trakk meg tilbake.Det er like stas kvar einaste vår og om ikkje lenge skal eg nok finne han litt nermare der eg bur.









