I det fjerne kan eg høyre torden. Ser ingen lynglimt, men i følge retninga på skyene så kjem det min veg. Det har vore torevær her før, men på dei 5 åra eg har budd her har det ikkje vore så mange glimta før det heile har vore over.
Men har fått høyre at dei gamle i dalen sa at dersom toreværet kom i ei spesiell retning over åsen like over dalen for der eg bur. Ja, då kunne det bli skikkelege greier!
Og no var skyene på veg i den retningen. Eg rigga meg til. Først kom det nokre skyer som bygde seg opp nesten som ein tornado i fasong. Det var mykje brytningar i luftlaga og det var eit lys som eg aldri før har sett her. Det mørkna til og ulike lysbrytningar gjorde at lyset og valørane, skifta i eitt sett.
Sola kom delvis fram og regnet nådde åsen. Ein regnboge åpenbarte seg forsiktig og etter nokre sekund small det og lynet slo ned ikkje langt unna. Fleire glimt flerra himmelen og lys og skyformasjonar skifta heile tida.
Etter kvart kom det store mengder regn og kraftig vind og eg måtte stadig tørke regn frå frontglaset. Skyene vart også meir grå og mista etter kvart sine kontrastar.
Men uansett var dette eit fantastisk skue som kun moder jord kan oppvise :)
Laberg Photography
All pictures: Copyright Geir Ole Laberg. All right reserved!
tirsdag 12. august 2014
onsdag 26. mars 2014
norsk naturfoto festival
Då er den
aller første norske naturfoto festivalen over. For ein suksess! Og det vert
ikkje lett å toppe denne, til komande år.
Primus
motor og initiativtakar var Jan Magnus
Reneflot. Alltid positiv og full av pågangsmot og humør – så også under
festivalen. Magnus har hatt god hjelp av andre som sikkert også burde nemnast,
men eg har dårleg oversikt over namn. Kommunen viste seg frå si beste side og
ordførar og andre i administrasjonen har vore positive frå første tankespinn.
Når det evt skal tenkast i slike baner andre stader, skal ein foreslå studietur
til Ski kommune.
At alle
lokalitetane var i kort gå avstand var svært positivt, men kanskje
utstillingshallen burde vore hakket større. Hotellet var bra og utstillarane
hadde brukbare lokalitetar.
Middagen
om kveldane var vel det minst positive med heile festivalen. Svært stive prisar
for svært ordinær mat, som det i tillegg viste seg å være for lite av. Ikkje
bra! Når det gjeld drikkeserveringa kunne det med fordel vore gjort på ein litt
smidigare måte.
Eg syns
fordelinga mellom pausar og foredrag passa godt. Teknisk var det få ting som
ikkje gjekk bra, men forbetringspotensiale er det med omsyn til lyssetting og
lyd.
Ved
ankomst fekk vi utdelt eit knippe med små plastplater som vi skulle henge rundt
halsen. Der skreiv vi namnet vårt på og der fans det program for kvar einskild
dag og elles dei opplysningane vi trengte. Ein liten genistrek, spør du meg!
Eg fekk
dessverre ikkje med meg dei to første foredragshaldarane som hadde barn som
fokus, Hans Jørgen Hovelstad og Pål Hermansen. Tilbakemeldingane eg
høyrde var at ungane var veldig engasjerte og at det var to kjempefine
foredrag.
Etter at
ordførar hadde opna festivalen var det Torbjørn
Martinsen som starta foredraga. Han tok oss med på ei flott runde i sitt
nærområde og fortalde om sine gode øyeblikk i naturen. Han serverte gode bilde
og litt film og krydra det heile med litt humor. Mange gode bilde frå ein
sympatisk kar. Ein skikkeleg kvalitetsstart som la lista godt opp på stanga.
Oskar Puschmann var reine oppslagsboka. Han jobbar med
historiske opplysningar og dokumentasjon gjennom sine bilde, som er konkret
knytta opp mot bilde frå fotografar i tidlegare tider. Gjennom sine tankar og
bilde, fekk han fram korleis det norske landskapet har endra seg. Mykje
interessant stoff, tankevekkande og verdt å resonnere omkring.
Markus Varesvuo er verdskjend for sine fuglebilde. Han tok
oss med rundt i Norden og Japan og vi fekk sjå fuglebilde av svært høg klasse.
Her var mest tradisjonelle artar og ein fin variasjon mellom portrett og
miljøbilde, telefoto og vidvinkel. Inspirerande for ein som meg, som er glad i
fuglar.
Vincent Munier. Han har lenge vore ein av mine førebilde og
han leverte eit suverent foredrag. Møter frå heimtraktene sine i Frankrike, nærmøter
med ulvar, reiser til ukjende delar av verda og dei store slettene i Tibet. Han
fekk mykje inspirasjon frå far sin og slike forhold går rett i hjertet på meg. Han
fekk også godt fram det ein ”Wildlife Photographer” kjenner så godt til.
Venting/ingenting skjer! Han har ei utruleg evne til å bruke visuelle
trekkplaster i sine bilde, utan å måtte ty til overdrivne fargar etc. Ein
sjeldan god evne og noko maaaaange i våre dagar burde lære av. Fantastiske
bilde i sin kjende fotografiske stil, krydra med sitt gode humør og gode og
sterke forteljingar. Det varma meg langt inn i hjerterota å få lov til å
oppleve dette. Vincent er fortsatt ein av mine aller, aller største.
Bio Foto Sørlandet har innleia eit samarbeid med kunstnaren
Yvonne Ranestad. Dei starta laurdagen
med eit innlegg om eit stort og flott prosjekt som omhandlar det å følgje
vatnet frå kjelde til hav. Spennande prosjekt der dei inkluderer alle
fotografar i lokalavdelinga.
PECHA
KUTCHA er namnet på ei ramme rundt det å halde foredrag. Alle foredraga er like
på den måten at kvar foredragshaldar skal presentere 20 bilde à 20 sekund.
Dette var noko som få hadde høyrt om før, men det viste seg å være ein
kjempesuksess. Det bryt med den tradisjonelle forma og saman med dyktige
forelesarar, så må det bli suksess. Desse presenterte (usikker på rekkefølgja):
Ivar Bjørdalsbakke starta med sine vakre haustsonatar.
Vakre og stemningsfulle bilde med gode tekstar til. Det er høg kvalitet på Ivar
sine bilde og han er kjend for sin gode evne til å formidle stemningar. Sjølv
om eg føl bloggen hans vart eg imponert over tekstkvaliteten. Kjempestart Ivar.
Ingebjørg Fyrileiv Guldvik er ei ”spenstig” dame. Ho tok
utfordringa med foredraget ved å gje seg sjølv 2 dagar med fotografering. Alle
bilde i foredraget skulle plukkast ut av desse, dvs ingen arkivbilde. Det er
modig når ein tenker på settinga til det heile. Bilda var kanonbra og i tillegg
vart i alle fall eg positivt overraska over dei gode tekstane som ho stod for.
Imponerande Ingebjørg!
Audun Richardsen er den store konkurranse-vinnaren dei siste
åra. Han viste topp bilde frå overgangen mellom luft og vatn. Mykje
planlegging, prøving og feiling bak mange av desse bilda og desto meir
imponerande kva Audun får til. Han har, som mange nordlendingar, godt med humor
og dette kom fint fram i foredraget. Denne mannen har nokre bilde i
verdsklasse. Han bygde tilhøyrarane sine forventningar opp mot ei fenomenal
avslutning, mot ”det siste bilde” i serien – og det vart det…..!
Trym Sannes er ein ung og lovande fotograf som tok oss
med på nokre av sine turar og opplevingar, mest i sitt nærmiljø. Vart mykje
tradisjonelle bilde utan at det er meint negativt. Sjå opp for denne ungdommen.
Øyvind Antonsen viste sine tolkingar av elg og jaktar på sitt
”elg i solnedgang” bilde. Ein tolkar ikkje bilde og legg fram sine
komposisjonar som Øyvind, dersom ein ikkje er trygg på det ein gjer. Han har
ein stil som eg likar og er ein svært dyktig fotograf. Går dei vegane han vil
utan å bry seg med kva som står i boka. Morsomt og flott sjølv om eg trur eg
hadde sett alle bilda frå før.
Thorfinn Bekkelund bryr seg i alle fall ikkje om kva
som står i boka. Han er kjend for sine spektakulære ”edderkopp med tilbehør”
bilde. Dei fleste tilstrebar reine flater helst utan forstyrrande element, mens
Thorfinn gjerne tek med det som kan forstyrre og utfordre tilskodaren. I denne
seansen fekk vi litt av dei mektige edderkopp-bilda og litt av dei som
utfordrar oss.
Ole Jørgen Liodden er ein prisvinnande fotograf og
eg ”kjenner” han som både ein arktisk fotograf og ein som gjerne bygger sine
uttrykk i soloppgang og solnedgang. Eg har sans for hans kvalitative uttrykk
samstundes som han har variasjon i sine tilnærmingar til objekta. I sitt
foredrag satte han fokus på det som skjer i Arktis, med snøsmelting og raske
endringar i livsvilkåra til mellom anna Isbjørn.
Lars Andreas Dybvik er vel ein av dei mest
filosofiske fotografane eg veit om. Men det er ein styrke, for han klarar å
formidle sine tankar gjennom sine bilde. Så når han tek oss med på ei reise,
slik han gjorde her, så er det ei sterk og god oppleving å få være med både å ta
av og lande. Er sikkert ikkje alle som klarer å følgje han i hans resonnement,
men utfordringar har vel alle godt av. Knallgode bilde og dyktig forfattar som
eg anbefalar på det varmaste.
Etter
desse 8 Pecha Kucha foredraga fekk vi besøk av ein svensk nestor. Tore Hagman har eg sett mykje bilde frå
opp gjennom åra, men ikkje fått oppleve «live» før. Han hadde valt tema ”dagar
att minnas”. Han er definitivt ein svært dyktig fotograf som satte fokus på det
å ta inn over seg innhaldet i bilda. Bilda hans hadde si eiga historie
samstundes som dei har evna til å bringe oss inn i ei forteljande historie
rundt bilda. Veldig flotte bilde og ei veldig positiv oppleving å oppleve denne
dyktige og hyggjelege mannen.
Foredraget
til Peter Gerdehag var ei to-delt
oppleving. Det var mykje bra bilde i hans presentasjon og han var engasjert på
scena. Derimot var hans oppførsel klanderverdig. Kvifor han hadde behov for å
«rakke ned på» ein av festivalen sine aller beste fotografar, er for meg ei
gåte. (Og eg veit at det ikkje berre var meg som følte dette). Kva nytte og
behov hadde han for det? Som ein ven av meg sa: «Hadde det no berre vore 1
gong, men han gjorde det jo mange gangar». Han gav vel uttrykk for at han såg
på seg sjølv som spesiell og opphøgd, men då skulle ein vel ikkje ha behov for
å snakke negativt om andre for å understreke det. Mitt forslag til Gerdehag,
til neste gong: «lag ein overtoningsserie av dine flotte og til dels sterke
bilde, og lat være å snakke!» Synd at ein sit igjen med nokre få gode bilde,
men mest av alt skuffelsen over personens moral og menneskesyn. Det stod ikkje
i samsvar med historiene han ville fortelje i bilda.
Pål Hermansen har eg fått ære av å høyre tidlegare. Hans
bilde er i verdsklasse og foredraget hans hadde fin flyt og var engasjerande.
Han har ofte ein klar tanke bak sine arbeider og vi fekk ta del i litt av hans
vinkling inn mot ulike arbeidsmetodar. Han er prisbelønt gjennom mange år og
har kvalitetar som dei fleste kan strekke seg etter. Inspirerande å høyre om og
sjå Pål sine bilde. Toppklasse!
Tim Flach sine bilde og arbeider er verdskjende. Han
har ei spesiell tilnærming til sine dyr og hans tekniske kvalitetar er superbe.
Det var kjekt å få høyre litt av hans tankegang rundt arbeidsmetodar og tilnærmingane
til dei ulike dyra, men i periodar var det litt vanskeleg å forstå kva han sa. Han
er ein teknisk toppfotograf med kontroll i dei fleste ledd. Kjempegode bilde og
med eit humoristisk tilsnitt vart det ei strålande oppleving.
Orsolya og Erlend Haarberg…ja, kva skal ein sei. Ekteparet
som begge er i øverste sjiktet av naturfotografar i verdssamanheng, gav meg ei
fantastisk oppleving. Norskekysten skildra i godt vær og ruskevêr, med utsnitt,
komposisjonar, fargebruk og valørar som trefte meg rett i hjertet. Sterkt og
godt fortalt av desse to. I tillegg fekk vi sjå eit overtoningsspel frå Island
som tok meg med rett inn i opplevingane deira og sette meg pladask «på ræv» i
dette fantastiske landet. Frå spektakulære landskap, fuglebilde både som
portrett og med innslag av det abstrakte. Lyn og formasjonar under vulkanutbrot
og dei sarte innslaga av mellom anna fjellrev. Dette var sterke saker som går
heilt inn i mitt innerste og bergtek meg. Eg diggar dokke!
Yngve Ask plasserer mennesket og menneskelege
aktivitetar i sine bilde. Han var vel ein av dei første her til lands som
blanda bilde mellom under og over vatn, gjerne i fiskesamanheng. I dag arbeider
han også med film og vi fekk være med på turar rundt om i verda både med film
og foto. Tydeleg at han har ein del større budsjett på mange av sine prosjekt
enn kva eg har.
Anna Ulmestrand er ei uhøgtidleg dame. Eg har høyrt henne
tidlegare, men gledar meg til kvar gong eg får bli med inn i hennar
micro/macroverd. Ho har god fantasi og saman med hennar evne til å sjå motiv,
fekk vi bli med inn i ei softa og delikat verd av små detaljar. Det som undrar
meg kvar gong er at ho finn motiv over alt. Anna har eit særpreg i sine bilde
og eg syns ho slapp seg ekstra laus denne gangen og det var både fascinerande
og morosamt å følgje med. Ikkje mange som tangerer denne dama når det gjeld
macro.
Arne Nævra og Torgeir
Beck Lande har laga tv-serien ”Norske Naturperler”. Eg har sett serien og
programmet som tek for seg litt av det som ligg bak produksjonen. Her var det
eit utdrag av dette som vart presentert på festivalen. Det er ingen tvil om at
desse to leverer topp kvalitet og ein vert slett ikkje lei av å få ein liten
reprise. Samtidig fekk vi ein liten kommunikasjon mellom produsent Nævra og
publikum, og vi har jo alle spørsmål til slike produksjonar.
Børge Ousland var eit fyrverkeri. Han ER energi, også på
scena. Hans måte å fortelje og ta oss med på turane sine, var gjort på ein
svært levande og truverdig måte. For oss som har vore mykje på tur, sjølv om
det vert som turar i hagen heime i forhold, så vart ein sugd inn i reisene hans
og ein vert berre utruleg imponert. Sjølvsagt av hans fysiske styrke, men ikkje
minst hans psykiske styrke. Vi veit at det mentale oftast er den faktoren som
set ein ut, men her fekk vi ta del i hans arbeid med ein mental styrke som
mildt sagt er imponerande. Eit utruleg bra foredrag!
Rolf Støa er ein dyktig landskapsfotograf. Han høyrer
kanskje til i den tradisjonelle gruppa, men eg blir stadig overraska over hans
gode evne til å lausrive seg og prøve ut nye ”fasongar”. Det er mange som tek
landskapsbilde, men det er få som skil seg ut. Det gjer Rolf. Sjølv om det var
det siste foredraget på festivalen, kunne eg godt tenke meg å fortsette med
reisa gjennom Rolf Støa sine landskap. Herleg.
Knut-Sverre Horn er ein dyktig fotograf, men hans oppgåve var
å leie oss gjennom heile festivalen. Det er ein fin og vanskeleg balansegang å
introdusere nye foredragshaldarar, knyte dei rette elementa inn på rett stad og
krydre det heile med litt personlegdom. Han hadde ein god evne til å gi den
einskilde foredragshaldar eit lite «løft» inn på scena, det står det respekt av.
Eg er imponert Knut-Sverre.
Det var også
skikkeleg moro å treffe gamle vener og stifte bekjentskap med nye. Kjekt å
helse på nokre som ein berre har treft på FB osv.
Kort
oppsummert: ein fantastisk festival og god inspirasjon!
PS.. eg
gledar meg til neste år, for det blir festival då også. Og DU må bli med!
søndag 8. september 2013
Det forlatte....
Det er mange ting som fascinerer meg i naturen, og ikkje minst det å kome til eit hus som er forlatt av mennesker og der naturen tek over både husarbeid og gartnarjobben.
Ikkje så ofte eg finn den slags i nærleiken av der eg bur, men ved å ta nokre små forflyttningar så er det muligheter.
Her er eit bitte lite knippe frå eit slikt hus :)
Hmmmmm....kanskje det bur folk her likevel!
Ikkje så ofte eg finn den slags i nærleiken av der eg bur, men ved å ta nokre små forflyttningar så er det muligheter.
Her er eit bitte lite knippe frå eit slikt hus :)
Hmmmmm....kanskje det bur folk her likevel!
mandag 24. juni 2013
fredag 12. april 2013
tirsdag 2. april 2013
onsdag 20. mars 2013
Vekas bilde 12 - Mot oven
Det var meldt "ekstrem nordlysaktivitet" her ein kveld. Eg såg det litt seint, men hadde nokre planar i hovudet om slikt skulle skje :)
Lyset var bra, men stort sett grønt. Det kunne vore meir klart i lufta og der eg hadde tenkt meg var det rikeleg med vind. Men det vart nokre bilder både av det eine og det andre og dette bildet, med relativt lite nordlys, men med både månen og reflekterande lampelys, vert mitt bidrag denne veka :)
Lyset var bra, men stort sett grønt. Det kunne vore meir klart i lufta og der eg hadde tenkt meg var det rikeleg med vind. Men det vart nokre bilder både av det eine og det andre og dette bildet, med relativt lite nordlys, men med både månen og reflekterande lampelys, vert mitt bidrag denne veka :)
torsdag 14. mars 2013
tirsdag 5. mars 2013
Vekas bilde 10 - Isbre
Det har blitt dårleg med blogging her i lang tid. Tenker eg skal prøve å gjere som ein del andre, lage eit blogginnlegg i veka.
Denne veka viser eg eit ferskt bilde der stikkordet får være "dimensjonar".
Denne veka viser eg eit ferskt bilde der stikkordet får være "dimensjonar".
mandag 11. februar 2013
Med utsikt over Dalen
Her står eg då og ser utover dalen min.
Nokre av mine venner kom på besøk. Dei fekk seg ein matbit før dei drog vidare.
Alltid hyggelig når dei kjem og litt trist når dei dreg her i frå.
Nokre av mine venner kom på besøk. Dei fekk seg ein matbit før dei drog vidare.
Alltid hyggelig når dei kjem og litt trist når dei dreg her i frå.
Abonner på:
Innlegg (Atom)