tirsdag 12. august 2014

Uværet

I det fjerne kan eg høyre torden. Ser ingen lynglimt, men i følge retninga på skyene så kjem det min veg. Det har vore torevær her før, men på dei 5 åra eg har budd her har det ikkje vore så mange glimta før det heile har vore over.

Men har fått høyre at dei gamle i dalen sa at dersom toreværet kom i ei spesiell retning over åsen like over dalen for der eg bur. Ja, då kunne det bli skikkelege greier!

Og no var skyene på veg i den retningen. Eg rigga meg til. Først kom det nokre skyer som bygde seg opp nesten som ein tornado i fasong. Det var mykje brytningar i luftlaga og det var eit lys som eg aldri før har sett her. Det mørkna til og ulike lysbrytningar gjorde at lyset og valørane, skifta i eitt sett.


Sola kom delvis fram og regnet nådde åsen. Ein regnboge åpenbarte seg forsiktig og etter nokre sekund small det og lynet slo ned ikkje langt unna. Fleire glimt flerra himmelen og lys og skyformasjonar skifta heile tida.

Etter kvart kom det store mengder regn og kraftig vind og eg måtte stadig tørke regn frå frontglaset. Skyene vart også meir grå og mista etter kvart sine kontrastar.

Men uansett var dette eit fantastisk skue som kun moder jord kan oppvise :)




4 kommentarer:

Torbjørn Wingsternes sa...

Dramatisk himmel. Likte denne serien godt. Nr 2 er knepen favoritt.

Anonym sa...

Nydelig fanget Geir Ole. Ole M Dahle

Magnar Børnes sa...

Så mykje fint å sjå, både i denne serien og tidlegare. Herlege uversbilder.

Ellen Svetlana Grønlund sa...

Flotte bilder ;)
Ønsker dokker et godt nyttår
Klem
Ellen S