søndag 23. desember 2012

God Jul og Godt Nytt År

Ynskjer alle saman ei Riktig God Jul og eit Strålande Nytt År  :D


tirsdag 11. desember 2012

Istid 5

.......må det være. For Istid 4 har heile familyen nett sett ;)

Vel, det går i alle fall greit å kose seg på isen. Her er nokre smakebetar!





onsdag 7. november 2012

Samme motiv

Mange av oss har det vel med å oppsøke samme plass til ulike tider, både på døgnet og i årstider. Slik også med meg. Her er berre to små eksempel frå ein stad. Eg køyrer forbi kvar dag til og frå jobb!



søndag 21. oktober 2012

Ferskvanns Havørna

Endeleg fekk eg meg ein tur til eit av prosjekta mine. Fiskande havørn. Det er i ferskvatn i ei elv som har eit relativt stort nedslagsfelt kva angår nedbør og difor reagerer raskt med endringar i vannstand. På den måten ser eg at den fiskar på to måtar. 
Den brukar vanleg metode med flukt inn mot elva og plukkar fisk i vatnet. Ikkje alltid den lykkast, men relativt ofte. Den andre metoden er rett og slett å plukke fisk som har havna på "land". Når gyteklar fisk rusar seg i elva og den svarar med rask auke og senking av vannstand, så blir det noko fisk som ikkje kjem seg ut i elva igjen, men havnar enten oppe på sjølve land eller i små isolerte vannpyttar i elva.
Denne gangen fekk eg også med meg havørna som badar og det i eit brukbart lys også. Det spesielle med denne måten å oppleve havørna på er at dette er ei naturleg forekomande hending og du får ikkje eit minutts forberedelses tid før ørna kjem inn i planlagt retning mot eit "åte" som du veit kor ligg. Spennande og veldig intimt!
 Når eg opplever slike sterke ting, blir eg reint andektig og nesten grin av rein fryd! Slik er eg laga :)

søndag 14. oktober 2012

Angedalen

Ein liten kveldstur til Angedalen, nabodalføret til her eg bur.




fredag 5. oktober 2012

Haustnatt

Vinden dreg skyene med seg
Som ein flaum som skyllar gjennom dalen
Isande regndråpar på kinnet tørkar opp
Kulden sit ennå i


Djupe, klorofyllfattige blad tapar glans
Dei viftar ivrig i vinden
Lyngen bleiknar mot gråsvarte steinar
Mens elva dreg roleg forbi


Ei stille lone gjev ly for natta
Kulden kryp lenger inn
Mørket kjem tett på kroppen
Ei haustnatt som er som før








fredag 14. september 2012

Akrobatikk

Hoggormen kan oppvise herlig akrobatikk. Her eit lite eksempel på kos mellom fotograf og orm :)


søndag 26. august 2012

Når lyset er heilt rått

Desse tre bilda er tekne like ved der eg bur. Det regna, eg var blitt våt for lenge sidan og plutseleg braut sola gjennom. Lyset var heilt vilt og alt var over på ca 20 min. Har måtta"desaturert" dei fleste. Bilda er tekne i tre forskjellige retningar og det er 20 min forskjel på første og siste bildet :)




fredag 17. august 2012

Naturens helikopter

Libeller er virkelig fantastiske flygere. For ein presisjon og for ei manøvrering. Hurtigheten kan berre menneskeskapte helikopter drømme om - dei vil aldri komme i nærheten.

Deilig å berre ligge slik på bakken og følge med desse naturens helikopter :)

Som vanlig - klikk gjerne på bildene for å sjå dei større!



onsdag 8. august 2012

mandag 30. juli 2012

Alnes

Med godt selskap reiste vi ein snartur til Ålesund for å besøke kjekke kjentfolk. Eine kvelden tok eg meg ein god times fotosession på Alnes som ligg på Godøy, like utanfor Ålesund. Regnvær også denne gangen, men det kan bli saft av slikt vær :)





mandag 23. juli 2012

Mange følger med

Eit kamera, ei linse, eit stativ, ein snorutløysar, eit gråfilter, eit rødfilter og ein paraply.
Følge på turen: mørke skyer, regn, 2.164.378 knott, 18 mygg, 34 fluer og to bikkjer som skal luftast :)


Vart er våt - japp! Vart eg oppeten (spist) - japp! Gjorde det meg noko - nope!

fredag 20. juli 2012

Styggelia

Som dei fleste kanskje har fått med seg så går mykje av tida mi for tida med på "heimebane" :)

Men det vart ein liten kveldstur i kjedeleg og flatt lys, men det å komme seg ut i moder natur er fantastisk, så lys fekk være som det ville.

Turen gjekk 10 min køyring frå heimen til ein stad som heiter Styggelia. Det er eit lengre fossefall/stryk med mange ulike muligheter. For meg vart det denne gangen litt jobbing i øverste tredjedel av fossen.





tirsdag 10. juli 2012

Eit stort mirakel

Fredag var det flott vær og eg låg med rompa i været i ei blomstereng, og det kunne sjå slik ut....

 Lørdag var vi på Sunnfjord Triatlon, i alle fall på starten av den, og det kunne sjå slik ut....
 Søndag regna det og eg var og helste på denne kameraten min, og det kunne sjå slik ut....
 Mandag var det mange på besøk og fleire til middag, ingen bilder, men fra søndagens tur, kunne det sjå slik ut....
 Tirsdag, altså i dag, skjedde det eit riktig stort mirakel. Ronja vart stolt storesøster, og det kunne sjå slik ut.... Daniel og Simon vart storebrødre igjen. Og mor og eg er veeeeeeeeeldig stolte (og eg er veeeeeldig stolt av mor ;) ) :D

torsdag 5. juli 2012

Hoggormens forsvar

Blir ofte til at ein kjem inn på dette med hoggorm, i desse dagar. Folk flest er livredde, men dei fleste har likevel aldri sett ein. Eller i alle fall "knapt ein gong", som vi seier :)

Mange har nok vore i nærheten, men gått forbi utan å ane at dei har vore nær.

Hoggormens viktigaste forsvar er nemleg å smyge seg vekk uten at den vert oppdaga - og IKKJE å bite! Forsvar med å bite er derimot siste utveg dersom den føler at den ikkje kan snike seg vekk eller ikkje har tid til det.

Å ha god tid når ein skal fotografere hoggorm er viktig, men det er slett ikkje alltid ein har.

Hadde min eldste sønn heime på ferie og vi tok oss ein snartur på fjellet før eg skulle på arbeid. Eg spurde om han ville sjå hoggorm og det var greit. Basert på vær og temperatur gav eg han 90% sjangse til å få sjå hoggorm, sjølv om vi hadde begrensa tid. Vi fann ho, ei stor og vakker ei, og han fekk ta nokre bilder av henne før ho vart "klar over han" og smaug seg stille vekk. Når dei ligg slik gøymt i lyngen der berre hovudet stikk ut av ei lita hole, er det omtrent umuleg å sjå den. Eller kva trur du når du ser på bilda og tenkjer over størrelsen på tyttebær-/ blåbærblada, røsslyng og alt "rotet" rundt?

TRYKK PÅ BILDA FOR Å SJÅ DEI STØRRE :)








onsdag 27. juni 2012

Rot - i all enkelhet




...er vel i grunnen ikkje meir å sei om den saken.