søndag 8. september 2013

Det forlatte....

Det er mange ting som fascinerer meg i naturen, og ikkje minst det å kome til eit hus som er forlatt av mennesker og der naturen tek over både husarbeid og gartnarjobben.

Ikkje så ofte eg finn den slags i nærleiken av der eg bur, men ved å ta nokre små forflyttningar så er det muligheter.

Her er eit bitte lite knippe frå eit slikt hus :)











Hmmmmm....kanskje det bur folk her likevel!

 


mandag 24. juni 2013

Ved smålomtjernet

I går kveld hadde eg eit kort møte med smålomen. Eg skal tilbake :)







fredag 12. april 2013

Vårteikn

Noko kjem og noko går - og noko prøver å halde fast ved det som har vore!











tirsdag 2. april 2013

Vekas bilde 13 - Surrealistisk

Denne veka får det bli eit små-surrealistisk nattportrett frå heimtraktene :)


onsdag 20. mars 2013

Vekas bilde 12 - Mot oven

Det var meldt "ekstrem nordlysaktivitet" her ein kveld. Eg såg det litt seint, men hadde nokre planar i hovudet om slikt skulle skje :)

Lyset var bra, men stort sett grønt. Det kunne vore meir klart i lufta og der eg hadde tenkt meg var det rikeleg med vind. Men det vart nokre bilder både av det eine og det andre og dette bildet, med relativt lite nordlys, men med både månen og reflekterande lampelys, vert mitt bidrag denne veka :)


torsdag 14. mars 2013

Vekas bilde 11 - Diamanter

Diamanter varer ikkje evig!


tirsdag 5. mars 2013

Vekas bilde 10 - Isbre

Det har blitt dårleg med blogging her i lang tid. Tenker eg skal prøve å gjere som ein del andre, lage eit blogginnlegg i veka.

Denne veka viser eg eit ferskt bilde der stikkordet får være "dimensjonar".


mandag 11. februar 2013

Med utsikt over Dalen

Her står eg då og ser utover dalen min.


Nokre av mine venner kom på besøk. Dei fekk seg ein matbit før dei drog vidare.


Alltid hyggelig når dei kjem og litt trist når dei dreg her i frå.


torsdag 24. januar 2013

Nausta i vinterdrakt

Berre ein liten tur ut i kulda før avreise. Elva er flott både sommar og vinter. Ha ei god helg!



tirsdag 15. januar 2013

Sunrice, sunset

We can only appreciate the miracle of a sunrise if we have waited in the darkness.
Suverent godt sagt for oss som er van med slike situasjonar og kjenner oss så godt igjen. Slik kan vi vel også illustrere situasjonen om kvelden, mot natt. Her eit lite knippe bilder som illustrerer litt av mangfaldet av fargevalørar slike stunder kan gi.
 
Steve McCurry har ein veldig flott blogg. Han har eit innlegg med lik tittel som meg, der det er mange gode sitat - og mykje bra bilder :)







lørdag 5. januar 2013

Mørke lyspunkt

Eg kryp varsomt inn
Ingen varme, berre mørket
Ingenting å sjå

Mørket favnar fjellet
Og tjernet ligg djupt og svart
Nøkken søv


Langs fjellet opnar styggen gapet
Anden legg seg som tåka
Kryp lenger mot tjernet


Det buldrar frå fjellet
Isen dreg mot avgrunnen
Møter sterke, lyse skrik

Kvite lyspunkt
Teiknar klårt mot bakgrunnen
Syng kalde tonar