søndag 21. oktober 2012

Ferskvanns Havørna

Endeleg fekk eg meg ein tur til eit av prosjekta mine. Fiskande havørn. Det er i ferskvatn i ei elv som har eit relativt stort nedslagsfelt kva angår nedbør og difor reagerer raskt med endringar i vannstand. På den måten ser eg at den fiskar på to måtar. 
Den brukar vanleg metode med flukt inn mot elva og plukkar fisk i vatnet. Ikkje alltid den lykkast, men relativt ofte. Den andre metoden er rett og slett å plukke fisk som har havna på "land". Når gyteklar fisk rusar seg i elva og den svarar med rask auke og senking av vannstand, så blir det noko fisk som ikkje kjem seg ut i elva igjen, men havnar enten oppe på sjølve land eller i små isolerte vannpyttar i elva.
Denne gangen fekk eg også med meg havørna som badar og det i eit brukbart lys også. Det spesielle med denne måten å oppleve havørna på er at dette er ei naturleg forekomande hending og du får ikkje eit minutts forberedelses tid før ørna kjem inn i planlagt retning mot eit "åte" som du veit kor ligg. Spennande og veldig intimt!
 Når eg opplever slike sterke ting, blir eg reint andektig og nesten grin av rein fryd! Slik er eg laga :)

søndag 14. oktober 2012

Angedalen

Ein liten kveldstur til Angedalen, nabodalføret til her eg bur.




fredag 5. oktober 2012

Haustnatt

Vinden dreg skyene med seg
Som ein flaum som skyllar gjennom dalen
Isande regndråpar på kinnet tørkar opp
Kulden sit ennå i


Djupe, klorofyllfattige blad tapar glans
Dei viftar ivrig i vinden
Lyngen bleiknar mot gråsvarte steinar
Mens elva dreg roleg forbi


Ei stille lone gjev ly for natta
Kulden kryp lenger inn
Mørket kjem tett på kroppen
Ei haustnatt som er som før