lørdag 11. februar 2012

Eit fascinerande dyr

Etter kvart som eg lærer litt meir om Oteren blir eg meir og meir fascinert over dyret. Den er utruleg energisk, men samtidig kan den verkeleg kose seg. Den er morsom og har mange ulike uttrykk.

Du har kanskje høyrt at den lagar sklier i snøen som den leikar seg i, men den "måten" å ta seg fram på brukar den også ellers. Så vidt eg veit er det vel mest ein energisparande måte å ta seg fram på meir enn ei kosesklie. Klikk på bildet under så får du sjå ein variant av denne teknikken :)

lørdag 4. februar 2012

Oterlykke

Oter inngår i eit av mine prosjekt. Mange timar har eg lagt ned for å kartlegge og bli kjent med oteren. Personleg syns eg at det er mykje lettare å finne den ute med kysten enn kva tilfelle er inne i elvane. Her inne vandrar dei ganske så lange strekningar og det er slett ikkje lett å få kartlagt denne karen ;)

Sporsnø er alltid kjekt å kunne dra nytte av og her om dagen fekk vi nettopp det. Eg blir stadig imponert over kva slag fossefall og brattlende desse dyra klarar å forsere. Dei er trass alt ikkje så store kroppane, men har ein fantastisk styrke.

Etter nokre timars sporing tok eg igjen eit par. Ved nokre små opne råker i elva var det både fisking og kurtisering som foregjekk. Utruleg kor kjærlege dei er med kvarandre.

Det var værskifte no og tåka låg ganske trykt ned på elva, men då vart det jo litt variasjon i bilda. Fantastisk å ligge nokre få meter frå oteren der dei ligg og kosar seg i snøen og steller med kvarandre. Herleg er livet :)

mandag 23. januar 2012

Nordlys i svart-kvitt

Endelig var det min tur. I går kveld kunne eg oppleve kombinasjonen fri, nordlys og ikkje minst klarvær! For meg her ute på vestlandet er det sjeldan vare og ei fantastisk fin oppleving. Det er som ein kjempemessig frihetsfølelse og stå slik under ein himmelhvelving i full fyr. Ei skikkeleg vitaminbombe for ein utsvolten naturkropp :)

PS! Det er framleis slik at dersom du trykker på bilda, så kan du sjå dei eit nummer større :D

lørdag 31. desember 2011

RIKTIG GODT NYTT ÅR

I dag var vi 3 familier på tur. Det vart fyring av bål, kaffelars vart stelt fint med og pølsene var mørke og fine etter ein passe medfart av bålets tunger :D

Ungane koste seg i snøen og vi vaksne prata og hygga oss. Ein skikkelig fin tur.

På tur heim måtte eg berre bruke litt lenger tid enn dei andre....om du forstår ;-) Om ikkje så kan du sjå nokre av resultata her! Godt Nytt År til dokke alle saman :)

onsdag 21. desember 2011

GOD JUL

Ønsker alle som er innom bloggen min ei Riktig God Jul :)

Håpar dokke får ei fin julehøgtid uansett kvar dokke er i verda - ta vare på kvarandre!

Vil takke spesielt alle dokke hyggelige menneske som legg igjen kommentarar på bloggen - det set eg utruleg stor pris på!

lørdag 17. desember 2011

Værskifte

Værskifte og bitte litt tid til å nyte det :)



torsdag 15. desember 2011

Utsyn

For nokre dagar sidan såg det slik ut når eg drog skrotten opp i lia ovanfor der eg bur, og retta objektivet utover dalen :)

Eg sluttar aldri å undre meg over kor lite godvær som skal til før eg har gløymt at vi har stort sett har hatt skitvær det siste halve året. Eit par dagar med godvær og eg er glad og fornøgd! Det er vel det ein må kalle ein god eigenskap :)

tirsdag 6. desember 2011

Reint Eventyr

”Reint Eventyr” er ei reise gjennom heimfylket mitt, Sogn og Fjordane, sannsynlegvis det mest varierte og flotte fylket i heile Noreg. Vakker kyststripe, djupe og lange fjordar, skogkledde dalar, brear og ville fjell. Boka tek oss med på ein 3-vekers tur saman med 18 elevar og 3 lærarar frå ekspedisjonslinja ved Nordfjord folkehøgskule. Turen går frå det karakteristiske fjellet Hornelen ytst på kysten til Galdhøpiggen, Noregs høgste fjell, gjennom ulike naturreservat, landskapsvernområde og nasjonalparkar.

Foto: Arve Ullebø

Forlaget
Det er forlaget SKALD som har gjeve ut boka og dei har verkeleg gjort ein kjempejobb. Det er ei særs påkosta bok, kraftig innbunde og jamn, høg kvalitet tvers igjennom. Designaren har utfolda seg og gjort nokre litt uvanlege stunt der det aller meste fell meg i smak. Teksten er satt med ein lettlest skrifttype, men ein del av befolkninga vil nok slite litt med å lese rød, tynn skrift som fins litt her og der. I boka har dei utelete små bilde, men har godt med store bilde som yt fotografane rettferd.

Foto: Arve Ullebø

Tekst
Forfattaren heiter ARVE SANDAL og avslører seg fort. For det første har han kunnskap om både skriveteknikk og ordlegging. Dessutan har han imponerande kunnskap om både historie, menneske, natur og kultur. Han har tydelegvis vore ute før for han har ei tilnærming til det han fortel om som både er varm og ekte og som berører meg.

Historia er smågenialt oppbygd. Ei reiseskildring over 3 veker kan fort bli monoton lesing og ein kaffipause kan vere greitt av og til. Sandal fortel reiseskildringa si suksessivt, men han bryt henne opp med små faktaboksar og turtips, alt etter kvar i reisa ein er. I tillegg bryt han opp med å fortelje litt om dei einskilde deltakarane og lærarane. Vi får møte personane på ein ærleg måte der ein ikkje berre får høyre om det positive, og dei flotte opplevingane, men også om det slitsame og til og med små nederlag undervegs. Alt er så godt skrevet og samansatt at ein aldri blir teken ut av turen. Han blandar humor og historie og gjev ein del tankevekkarar om forhold både i høve fortid, notid og framtid. Tankar eg følte eg var ein del av og som eg burde ha eit forhold til i 2011. Heile vegen klarar Sandal å engasjere utan dødtid og eg klarar ikkje å legge boka frå meg.

For ein tur, for ein natur og for ei oppleving! Dette er topp lesing både for oss som bur i fylket, for dokke som kanskje kunne tenke dokke ein tur hit eller har vore her, men gjerne vil ha eit godt minne her i frå.

Foto: Arve Ullebø

Foto
Det er 2 fotografar i boka, SIMONE STIBBE og ARVE ULLEBØ. Generelt har bilda både ein svakheit og ein styrke. Svakheita er at bilda er tekne undervegs på desse 3 vekene og at enkelte ting blir overflatisk dekka. Her er element i teksten som eg nesten forventa å sjå igjen i bilde, uten at desse var med. Eg trur dette ville ha løfta boka endå høgare. Likevel er styrken nettopp det at bilda er tekne undervegs og på trass av at tida har vore knapp, har fotografane fått med seg først og fremst ein stemning og ein tone av turen som vi kjenner igjen i teksten. Fotografane har eit ærleg uttrykk og einkelte gonger kan ein nesten kjenne tåka kome inn gjennom vinduet i hytta og rett i fanget på deg. Her er sterke portrett, fine miljøskildringar og váre stemningar.

Bilda varierer frå det ordinære til det spektakulære og fotografane har klart å setje sitt personlege preg på mange av bilda. Nokre av bilda er jamvel så sterke at dei kan stå heilt utan tekst og fortelje si eiga historie. Ei sjeldan og kvalitetsfull vare i våre dagar, der "alle tek bilde".

Reint Eventyr er ei av dei 4 beste bøkene i sitt slag, som nokon gong er gitt ut i dette fylket og er ein kombinasjon av praktbok, historie- og turbok som alle med tilknyting til fylket, burde ha. Og det må være godt for både forfattar og fotografar å ha eit forlag i ryggen som investerer førsteklasses kvalitet i ei bok der både tekst og bilde er av ypparste kvalitet. Det er rett og slett Rein Luksus å få ta del i ”Reint Eventyr”!

onsdag 30. november 2011

Ein sup av villmark

Det vert ikkje heilt lyst for tida
Regntunge skyer ligg som eit lok over alt
Ingen varme strålar som når ned
Ingenting som fyller meg med livsviktige vitaminer

Når eg dreg inn luft, kjenner eg ingenting
Eit tynt lag snø hindrar fuktig mose å stimulere mine sansar
I staden får eg sjå skotuppen synke ned og sette sine forgjengelege spor
Tåka kjem smygande inn mellom granleggar
Og mine sansar kan få spele seg
Leike seg med villmarksus der ord ikkje er med

Brått kjem ein skygge ut av skogen
Ein hubro slår sine kraftige klør rundt ei furugrein
Tyngda får nåler til å svaie og sende små dottar av fuktig snø mot bakken
Ikkje ein lyd, ikkje ei lukt
Berre stilla

Det knekk bak meg i mørkret og eg stivnar
Eg skvett, men trur det berre er innvendig
Konturar av ein kraftfull kronhjort teiknar seg av
Tenk, du overlevde menneskets streben etter trofè
Aldri har du vel vore ein sterkare fallos enn no
Aldri har du vel vore vakrare
Heilt utan menneskehand

Eg går vidare og lyttar
Den vesle elva i det fjerne klukkar ikkje
Ikkje brusar den heller
Den brøler slik fossar gjer
Vatnet stryk toppar den vanlegvis ikkje når
Og bakevjer er det ikkje plass til
Der ringar av skum brukar å legge seg
Ligg brukne greiner og tviheld på livet
Som om redsla for å rase vidare på ei ukjend ferd
Gir den ekstra kraft til å halde fast
Stå imot, stå imot

Men ingen kan vel stå imot når villmarka lever
Ikkje trerøter, ikkje fisken i elva, ikkje vesen
Nei, sjølv ikkje sansar kan stå imot
Eg vaknar og det er stille rundt meg
Heilt stille
Vel får vatnet som renn over kinnet
Meg til å kjenne både det våte og kulda
Men her er verken hubro eller hjort
Det er berre meg
Og eg lever

torsdag 17. november 2011

Småkaldt

Det har vært noen dager med fint vær og litt småkaldt. Ikke så mye at bekker og småvann har frosset, men litt rim og klar luft. Ble en del bilder i dag og her er to av dem :)