mandag 7. mai 2012

Vårens pastell


I går våkna eg til 15 cm nysnø. Det var i går!


I dag våkna eg til vårens lette pasteller. Det er i dag!



tirsdag 1. mai 2012

Leik

og leven kan ein sei. Første natta på den nye leiken starta dårleg. Isande kald og veldig sterk vind - vel, det veit eg er eit dårleg utgangspunkt for orreleik. Kvelden kom og ingen fugl landa i det heile. Begynte å lure på om eg faktisk hadde spora opp ein leik som faktisk ikkje var ein leik. Har faktisk aldri opplevd å ligge på ein leik i siste del av april, uten ein fugl på kveldsspelet.

Morgonen kom med litt mindre vind og eg vart vekt av buldrande orrer kl 05. Ikkje fotolys då og det var forsiktige fuglar med lite aktivitet. Etter ein god halvtime gav dei opp og reiste. Ikkje eit bilde på denne turen.

Opp igjen i går med eit mykje betre vær. Fin tp og sol! Kveldsspelet begynte ganske seint og var ikkje så mykje trøkk i, slik som eg er mest van med frå gamalt av.

Morgonen i dag starta kl 03.15. Full trøkk frå starten av og rundt kl 04 kom det ned to orrhøner. Då er ikkje høneveka så mykje seinare her oppe i fjellet i forhold til før i tida.

La merke til den stakkarslege rakkelhanen som prøvde seg på eit kort og tamt tsjooiiiii og ikkje fekk være med i spelet. Jaga frå den eine plassen til den andre. Han poserte litt for meg, så fekk han i alle fall gjort noko nyttig.

Vart nokre vanlege orrebilder og dei bilda eg skal jobbe mest med, gikk ikkje denne gongen heller. Har ikkje tid til meir enn ein tur til i vår så truleg vert det ikkje klaff før til neste vår!