søndag 21. oktober 2012

Ferskvanns Havørna

Endeleg fekk eg meg ein tur til eit av prosjekta mine. Fiskande havørn. Det er i ferskvatn i ei elv som har eit relativt stort nedslagsfelt kva angår nedbør og difor reagerer raskt med endringar i vannstand. På den måten ser eg at den fiskar på to måtar. 
Den brukar vanleg metode med flukt inn mot elva og plukkar fisk i vatnet. Ikkje alltid den lykkast, men relativt ofte. Den andre metoden er rett og slett å plukke fisk som har havna på "land". Når gyteklar fisk rusar seg i elva og den svarar med rask auke og senking av vannstand, så blir det noko fisk som ikkje kjem seg ut i elva igjen, men havnar enten oppe på sjølve land eller i små isolerte vannpyttar i elva.
Denne gangen fekk eg også med meg havørna som badar og det i eit brukbart lys også. Det spesielle med denne måten å oppleve havørna på er at dette er ei naturleg forekomande hending og du får ikkje eit minutts forberedelses tid før ørna kjem inn i planlagt retning mot eit "åte" som du veit kor ligg. Spennande og veldig intimt!
 Når eg opplever slike sterke ting, blir eg reint andektig og nesten grin av rein fryd! Slik er eg laga :)

12 kommentarer:

Torbjørn Wingsternes sa...

Dette var veldig bra. Å fange havørna i naturlig jakt, det er litt spesiellt. Det må ha vært spennende.

Flotte og varierte bilder.

Rune Olsen sa...

Tøft å se havørna i naturlig jakt og opplevelsen blir enda sterkere når alt er naturlig og ikke tilrettelagt av andre :-) Flott serie!
Rune

Marion Lexau Nødset sa...

Flott! Det må vere spesielt å få oppleve dette:) reknar med du sit i kamuflasje. Er ørna var på lyd, og er du tett på?

Geir Ole sa...

Tusen takk for hyggelige kommentarar Torbjørn, Rune og Marion :)

Ja, eg føler i alle fall sjølv at dette er relativt sjelden. Som regel får ein slike nærmøter på foringsplassar. Det er absolutt spennande og flott, men ganske mykje "dautid"!

Marion: Ja, eg sit i kamuflasje og er ganske tett på. Ørna er meget var for lyd og bevegelse. Så ein får planlegge litt ut frå det og være forsiktig med bevegelse av objektiv. Dette er nok mykje enklare på ein foringsplass der ørna etter kvart er blitt van med "aktivitet" frå ei lita bu ;)

Morgan sa...

Spännande bilder! -Gillas!
Morgan

Unknown sa...

For en opplevelse, kjenner godt igjen følelsen du beskriver. Ekstra morro når det er en naturlig hendelse også. Tøffe bilder, spesielt der den rister seg, knall :-)

Tom Dyring sa...

Flotte bilder av havørna i en annerledes situasjon. Bildene er selvsagt tatt fra kamu....? Var ørna dog såpass forutsigbar ???

Geir Ole sa...

Takk også til Morgan, Kai og Tom - settes stor pris på :)

Tom: Absolutt tatt fra kamuflasje. Forutsigbar? Om du tenker på at ho kjem til der eg har satt opp kamuen, så er dette 4de hausten eg er ved denne elva. Ho kjem til elva om hausten når ørreten går opp for å gyte, og ser ut til å ha "spesialisert" seg på dette. På det meste har det vore eit par med ein unge der. Den eine av desse haustane hadde eg KUN 1 fugl nedpå i 5 min på 5 døgn, og då mistenkte eg at kanskje den eine av dei vaksne fuglane var død.

Forutsigbarheten for at den kjem når eg sit der er "bob-bob". Eg har nok eit gjennomsnitt havørnbesøk på kanskje max 15 minutt pr dag eg har brukt der (og eg sit inne i minst 13 t kvar dag).

Men eg lærer litt frå år til år og det ser bl.a. ut til at den er ivrigast (les: lettast mattilgang) på dagar etter nedbør, der elva er på veg attende.

HansKE sa...

Knallfin serie av havørna!
Må være veldig spennende når du hører denne komme flaksende ned foran kamuflasjen!
Ha en fin helg!

Kristin.S sa...

Kan tenke meg dette var spennende Geir Ole:) Ja det er veldig sjelden man ser slike bilder fra ikke typiske foringplasser,. Synes du har fått flotte bilder, liker spesiellt det nest siste:)

José Ramón sa...

Svært beundringsverdig disse bildene for bloggen din
Hilsener fra Kreativitet og fantasi bilder av José Ramón

Gunnar Hustad sa...

Flotte og spennende bilder!