torsdag 24. januar 2013

Nausta i vinterdrakt

Berre ein liten tur ut i kulda før avreise. Elva er flott både sommar og vinter. Ha ei god helg!



tirsdag 15. januar 2013

Sunrice, sunset

We can only appreciate the miracle of a sunrise if we have waited in the darkness.
Suverent godt sagt for oss som er van med slike situasjonar og kjenner oss så godt igjen. Slik kan vi vel også illustrere situasjonen om kvelden, mot natt. Her eit lite knippe bilder som illustrerer litt av mangfaldet av fargevalørar slike stunder kan gi.
 
Steve McCurry har ein veldig flott blogg. Han har eit innlegg med lik tittel som meg, der det er mange gode sitat - og mykje bra bilder :)







lørdag 5. januar 2013

Mørke lyspunkt

Eg kryp varsomt inn
Ingen varme, berre mørket
Ingenting å sjå

Mørket favnar fjellet
Og tjernet ligg djupt og svart
Nøkken søv


Langs fjellet opnar styggen gapet
Anden legg seg som tåka
Kryp lenger mot tjernet


Det buldrar frå fjellet
Isen dreg mot avgrunnen
Møter sterke, lyse skrik

Kvite lyspunkt
Teiknar klårt mot bakgrunnen
Syng kalde tonar

søndag 23. desember 2012

God Jul og Godt Nytt År

Ynskjer alle saman ei Riktig God Jul og eit Strålande Nytt År  :D


tirsdag 11. desember 2012

Istid 5

.......må det være. For Istid 4 har heile familyen nett sett ;)

Vel, det går i alle fall greit å kose seg på isen. Her er nokre smakebetar!





onsdag 7. november 2012

Samme motiv

Mange av oss har det vel med å oppsøke samme plass til ulike tider, både på døgnet og i årstider. Slik også med meg. Her er berre to små eksempel frå ein stad. Eg køyrer forbi kvar dag til og frå jobb!



søndag 21. oktober 2012

Ferskvanns Havørna

Endeleg fekk eg meg ein tur til eit av prosjekta mine. Fiskande havørn. Det er i ferskvatn i ei elv som har eit relativt stort nedslagsfelt kva angår nedbør og difor reagerer raskt med endringar i vannstand. På den måten ser eg at den fiskar på to måtar. 
Den brukar vanleg metode med flukt inn mot elva og plukkar fisk i vatnet. Ikkje alltid den lykkast, men relativt ofte. Den andre metoden er rett og slett å plukke fisk som har havna på "land". Når gyteklar fisk rusar seg i elva og den svarar med rask auke og senking av vannstand, så blir det noko fisk som ikkje kjem seg ut i elva igjen, men havnar enten oppe på sjølve land eller i små isolerte vannpyttar i elva.
Denne gangen fekk eg også med meg havørna som badar og det i eit brukbart lys også. Det spesielle med denne måten å oppleve havørna på er at dette er ei naturleg forekomande hending og du får ikkje eit minutts forberedelses tid før ørna kjem inn i planlagt retning mot eit "åte" som du veit kor ligg. Spennande og veldig intimt!
 Når eg opplever slike sterke ting, blir eg reint andektig og nesten grin av rein fryd! Slik er eg laga :)

søndag 14. oktober 2012

Angedalen

Ein liten kveldstur til Angedalen, nabodalføret til her eg bur.




fredag 5. oktober 2012

Haustnatt

Vinden dreg skyene med seg
Som ein flaum som skyllar gjennom dalen
Isande regndråpar på kinnet tørkar opp
Kulden sit ennå i


Djupe, klorofyllfattige blad tapar glans
Dei viftar ivrig i vinden
Lyngen bleiknar mot gråsvarte steinar
Mens elva dreg roleg forbi


Ei stille lone gjev ly for natta
Kulden kryp lenger inn
Mørket kjem tett på kroppen
Ei haustnatt som er som før








fredag 14. september 2012

Akrobatikk

Hoggormen kan oppvise herlig akrobatikk. Her eit lite eksempel på kos mellom fotograf og orm :)