mandag 30. juli 2012

Alnes

Med godt selskap reiste vi ein snartur til Ålesund for å besøke kjekke kjentfolk. Eine kvelden tok eg meg ein god times fotosession på Alnes som ligg på Godøy, like utanfor Ålesund. Regnvær også denne gangen, men det kan bli saft av slikt vær :)





mandag 23. juli 2012

Mange følger med

Eit kamera, ei linse, eit stativ, ein snorutløysar, eit gråfilter, eit rødfilter og ein paraply.
Følge på turen: mørke skyer, regn, 2.164.378 knott, 18 mygg, 34 fluer og to bikkjer som skal luftast :)


Vart er våt - japp! Vart eg oppeten (spist) - japp! Gjorde det meg noko - nope!

fredag 20. juli 2012

Styggelia

Som dei fleste kanskje har fått med seg så går mykje av tida mi for tida med på "heimebane" :)

Men det vart ein liten kveldstur i kjedeleg og flatt lys, men det å komme seg ut i moder natur er fantastisk, så lys fekk være som det ville.

Turen gjekk 10 min køyring frå heimen til ein stad som heiter Styggelia. Det er eit lengre fossefall/stryk med mange ulike muligheter. For meg vart det denne gangen litt jobbing i øverste tredjedel av fossen.





tirsdag 10. juli 2012

Eit stort mirakel

Fredag var det flott vær og eg låg med rompa i været i ei blomstereng, og det kunne sjå slik ut....

 Lørdag var vi på Sunnfjord Triatlon, i alle fall på starten av den, og det kunne sjå slik ut....
 Søndag regna det og eg var og helste på denne kameraten min, og det kunne sjå slik ut....
 Mandag var det mange på besøk og fleire til middag, ingen bilder, men fra søndagens tur, kunne det sjå slik ut....
 Tirsdag, altså i dag, skjedde det eit riktig stort mirakel. Ronja vart stolt storesøster, og det kunne sjå slik ut.... Daniel og Simon vart storebrødre igjen. Og mor og eg er veeeeeeeeeldig stolte (og eg er veeeeeldig stolt av mor ;) ) :D

torsdag 5. juli 2012

Hoggormens forsvar

Blir ofte til at ein kjem inn på dette med hoggorm, i desse dagar. Folk flest er livredde, men dei fleste har likevel aldri sett ein. Eller i alle fall "knapt ein gong", som vi seier :)

Mange har nok vore i nærheten, men gått forbi utan å ane at dei har vore nær.

Hoggormens viktigaste forsvar er nemleg å smyge seg vekk uten at den vert oppdaga - og IKKJE å bite! Forsvar med å bite er derimot siste utveg dersom den føler at den ikkje kan snike seg vekk eller ikkje har tid til det.

Å ha god tid når ein skal fotografere hoggorm er viktig, men det er slett ikkje alltid ein har.

Hadde min eldste sønn heime på ferie og vi tok oss ein snartur på fjellet før eg skulle på arbeid. Eg spurde om han ville sjå hoggorm og det var greit. Basert på vær og temperatur gav eg han 90% sjangse til å få sjå hoggorm, sjølv om vi hadde begrensa tid. Vi fann ho, ei stor og vakker ei, og han fekk ta nokre bilder av henne før ho vart "klar over han" og smaug seg stille vekk. Når dei ligg slik gøymt i lyngen der berre hovudet stikk ut av ei lita hole, er det omtrent umuleg å sjå den. Eller kva trur du når du ser på bilda og tenkjer over størrelsen på tyttebær-/ blåbærblada, røsslyng og alt "rotet" rundt?

TRYKK PÅ BILDA FOR Å SJÅ DEI STØRRE :)